Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Rollefiguren Margot er ansiktet til kampanjen "Respekt for reseptformidlaren"

Pasienttryggleik

Rollefiguren Margot (bildet) har tidlegare tatt oss med på ei reise i reseptformidlaren. Gjennom kampanjen sette vi fokus på kor viktig det er med orden i e-reseptane.

Helsetenesta skal videreutviklast slik at pasientar og brukarar i større grad får, og opplev å få, trygg og god helsehjelp. Gjennom metoden kontinuerleg forbetring jobbar Helse Møre og Romsdal med å redusere pasientskadar, forbetre pasienttryggleikskulturen og bygge varige strukturar for pasienttryggleik gjennom mellom anna standardiserte pasientforløp.

Pasienttryggleik handlar ofte om det helsepersonell gjer kvar einaste dag i sjukehusa. Pasientane skal vere sikre på at tenestene verkar, er trygge og at dei heng godt saman når ein er avhengig av helsehjelp frå fleire instansar.

Pasienttryggleik - definisjon

Vern mot unødig skade som følge av helsetenestens ytelser eller mangel på ytelser
Kunnskapssenteret

Smittevern

På denne sida finn du eit utval smittevernprosedyrar frå Helse Møre og Romsdal sitt infeksjonskontrollprogram (IKP).
Finn aktuelle prosedyrar
Smittevernrådgivar

Legemiddelsamstemming

Helse Møre og Romsdal har sterkt fokus på legemiddelsamstemming som er eit av dei utvalde innsatsområda innan det nasjonale pasientstryggleiksprogrammet. I Helse Møre og Romsdal har det blitt gjennomført fleire prosjekt og studiar for å definere prosessen for legemiddelsamtemming og skildre den i prosedyrar.
Les om studiane og sjå vår video om legemiddelsamtemming
HelseMidtNorge_195A1204_FotoKristinStoylen.jpg
Sist oppdatert 01.07.2024