Spesialisering i anestesiologi ved Kristiansund sjukehus
Den første tida får LIS svært tett oppfølging. Etter kvart som LIS vert sjølvgåande i basale ferdigheiter vil ein arbeide meir utan kontinuerlig supervisjon, og dei andre overlegane vil i større grad vere involvert i supervisjon og opplæring. Ved oppstart vil LIS få gjennomgang og bli sjekka ut på bruk av aktuelt medisinsk-teknisk utstyr.
Vi har 90 minutt internundervisning kvar mandag og to timar kvar andre torsdag. Vi prøver å gå gjennom dei viktigaste tema som hovudsakleg omhandlar den verksemda vi har, i løpet av 2 år. I tillegg kjem referat frå nyare artiklar og forsking. Både overlegar og LIS bidreg med innlegg til internundervisning. Interundervisninga omfatter minst 70 timar i året. Ein arbeider med å få til noko fellesundervisning med legeseksjonen i Molde i tillegg til eksterne foredragshaldarar.
Vi har regelmessig trening i team på nyføddresuscitering, traumeteam, hjertestans, MET-mottak, MIT, barneteam. Alle skal ha regelmessig simulering i AHLR. Slik får LIS jamleg trening innan dei ulike teama for å trene kommunikasjon, teamarbeid, samt evne til å gjere sine arbeidsoppgåver på ein god måte i pressa situasjonar.
Seksjon for anestesilegar i Kristiansund er lita og oversikteleg. I det daglege arbeidet er det nært samarbeid mellom LIS og overlegar. Dette fører til låg terskel for gjennomgang og supervisjon i det konkrete pasientarbeidet. Dette gjeld både for vurderingar og gjennomføring av prosedyrer innan alle delar av veksemda. LIS får tildelt rettleiar når ein startar, og denne spesialisten jobbar LIS tett ilag med den første tida. I tillegg er det sett av tid kvar månad for samtale der mellom anna fagleg progresjon og eventuelle utfordringar blir diskutert.
Anestesimiljøet i HMR har fleire legar med PhD og forskingskompetanse. I relasjon til ny spesialiststruktur for LIS-utdanning er det naturleg at vi stimulerer til meir forskingsarbeid ved dei ulike seksjonane.
Sidan avdelinga har berre 1 (1-2) LIS har det ikkje vore tradisjon for eigen tillitsvalt for LIS i avdelinga, men det er tillitsvalt for YLF på sjukehusnivå som våre LIS forheld seg til. I tillegg er det eigen YLF-tillitsvalt på foretaksnivå.
Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.