Molde sjukehus er det nest største sjukehuset i foretaket og er eit hyggeleg og velfungerande lokalsjukehus for kommunane i Romsdalen, som utgjer om lag 60 000 innbyggjarar. Ved sjukehuset ligg og den einaste nevrologiske avdelinga i fylket og fylkesfunksjon for all akutt nevrologi utanom hjerneslag. Det er om lag 1600 tilsette ved sjukehuset i Molde, som har vaktfunksjon innan medisin, kirurgi, ortopedi, radiologi, gynekologi, anestesi, ØNH, auge, medisinsk mikrobiologi, nevrologi og voksenpsykiatri. Det er sjukehuspsykiatri både i same bygg som det somatiske sjukehuset og ved eige psykiatrisk sjukehusbygg på Hjelset, om lag 20 minutt å kjøre frå Molde sentrum. I tillegg er det poliklinisk tilbod innan barne- og ungdomspsykiatri.
Sjukehuset ligg like nord for Molde sentrum, men med gangavstand til eit lite og hyggelig bysentrum med stort utval av både butikkar, kafear, restaurantar og utestadar. Det er eige teater i byen, og det er også fleire årlege festivalar som Moldejazz, Bjørnsonfestivalen og elles eit rikt og variert kulturtilbod innan alle sjangrar. Molde arrangere også eigen barnefestival, Rabalderfestivalen.
I Molde sentrum er du i umiddelbar nærleik til dei spektakulære Romsdalsalpane med fjell og fjordar som gir uendelege moglegheiter for eit heilårs friluftsliv. Ein kort kjøretur sørover får du og Sunnmørsalpane for dine føtter. Det er kort veg til surfemoglegheiter ved storhavet og byen har eit stort og variert idrettsmiljø for heilårsaktivitetar. Korte bilturar frå byen tek deg både til Atlanterhavsvegen og utallege små fiskever langs kysten.
I tillegg til sjukehuset er det stort høgskulemiljø i byen, og det er og pendlaravstand til mykje ulik maritim næring og industri i kommunane rundt Molde. Dagleg er det gode bussavgangar til dei andre byane i fylket og til Trondheim. Ei drøy mil utanfor byen finn du flyplass med fleire daglege avgangar til både Oslo, Bergen og Trondheim, samt og nokre avgangar til utlandet.
Molde sjukehus kan by på følgjande spesialistutdanningar:
- Anestesiologi
- Augesjukdommar
- Barne- og ungdomspsykiatri
- Blodsjukdommar
- Endokrinologi
- Fordøyelsessjukdommar
- Fødselshjelp og kvinnesjukdommar
- Gastroenterologisk kirurgi
- Generell indremedisin
- Generell kirurgi
- Hjartesjukdommar
- Infeksjonssjukdommar
- Lungesjukdommar
- Medisinsk mikrobiologi
- Nevrologi
- Ortopetisk kirurgi
- Plastikkirurgi
- Vaksenpsykiatri
- Rus- og avhengigheitsmedisin
- Urologi
- Øre-, nese-, halssjukdommar